Ikkje så lett å stoppe

Artikkelen fortsetter under annonsen

Først er det jo så sin sak å kome i gang. Etterpå er det jammen ikkje lett å slutte heller.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Vi har vel prøvd å grave oss til Kina, alle saman. Men dei fleste gir opp etter ei ikkje så veldig lang stund. (Foto: acs.appstate.edu)Vi har vel prøvd å grave oss til Kina, alle saman. Men dei fleste gir opp etter ei ikkje så veldig lang stund. (Foto: acs.appstate.edu)

Norm Enrique, ein 63-åring frå Mointclaire i California, fekk utslag på gull-detektoren sin, rett utanfor stovedøra. Kan skjønne at mannen måtte byrje å grave!


Gull, så spennande!


Vi har vel alle blitt litt rive med når vi har hatt eit prosjekt gåande. Også gull då, så spennande. Enrique såg nok for seg at han skulle bli rik, og grov i veg med ei bøtte med tau i.

Litt omfattande


Det blei litt omfattande, dette graveprosjektet, så Enrique leidde inn to karar til å hjelpe seg. Desse to karane var nedi holet, som etterkvart hadde blitt 60 fot djupt (ca 20 meter), då eit par brannmenn fekk auge på kva som var på gang.


Eit under at ingen blei drepne


- No er det nok, sa brannmennene. Og eigedommen til Enrique blei sperra av. Brannsjefen i Montclaire, Rich Baldwin, seier til

boston.com

at det var eit under at ingen blei drepne under den omfattande gravinga.

No skal styresmaktene få sikra og fylt igjen holet, og Enrique må betale for arbeidet.

Fann Enrique gull, då? Nei, men det var kjempeartig medan det sto på.

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving