Åpen for alle - alltid

Alt for deg, kjære

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein naken mann, eit ubesvart frieri og ein pistoldesperado: Det er kjærleik i lufta!

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: ipnstock.com)(Foto: ipnstock.com)

Kva gjer du når du vil gifte deg, men kjærasten din ikkje er heilt sikker på om ho vågar? Hoppar naken ut av vindauget, kanskje?

Vil, vil ikkje?


Ein 28-åring frå Michigan synast det er så leit at ho han har fridd til ikkje heilt veit om ho vågar å satse på ekteskapet. Han prøver alt han kan å overbevise ho om at det er det rette å gjere.

- Men kjære deg, det er viktig å ta nokre sjansar her i livet, seier han, men ho er framleis ikkje sikker.

For riktig å understreke poenget sitt, hoppar han - kledd i det han kallar sin «birthday suit» - ut av vindauget og legg på sprang.

Fri og glad


Usjenert og svært giftelysten spring han nedover gata med heile stellet i fri dressur, mens tankar om dette og hint poppar opp. Han tenkjer litt på ho som sikkert sit svært overraska på kjøkkenet og ser etter han.

(Foto: bandddesigns.com)(Foto: bandddesigns.com)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kanskje gjer han seg nokre tankar om kor befriande det eigentleg er å springe rundt på gata heilt utan klede, nett som han fekk gjere i hagen då han var liten.

Kanskje vurderer han ei stund å bli naturist for å la denne fridomskjensla vare lenger.

Men kva skjer?

I skjul


Jau, han får auge på nokre fotgjengarar som er på veg mot han. Det er vel omtrent då han kjenner at han har vore modig nok for ei stund, at poenget hans er understreka og vel så det.

I løpet av nokre sekund legg han fridomskjensler og naturistidear på hylla og gøymer seg heller bak ein busk. Fotgjengarane kan passere utan å sjå så mykje som ein flik av den nakne huda hans. Han er berga.

Og heime sit kjærasten og ventar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: photo-way.co.il)(Foto: photo-way.co.il)

Men kva skjer?

Sinna mann


I eit vindauge lenger ned i gata står ein vaksen, påkledd mann og kikar ut på livet og det som rører seg i gata. Han drikk morgonkaffien og synast livet er ganske greitt.

- Men kva i hulaste, tenkjer han brått. - Sit det ikkje ein naken mann og lurar bak busken der? Jau, sanneleg min hatt gjer det det.

Som den gode amerikanaren han er tar han resolutt med seg sin 40-kaliber pistol, skrittar ut av huset og snik seg innpå den sammankrøka stakkaren som framleis sit bak busken.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Med pistolen peikande mot den nakne kroppen hevar pistolmannen røysta og ropar:
- Hallo der. Kom fram derfrå!

Væpna jakt


Men den nakne mannen vil ikkje kome fram og slettes ikkje til ein fyr som står og peiker på han med eit våpen. Han legg på sprang i staden.

Så no har me ein naken mann i full galopp, atter ein gong, nedover gata, med ein pistolmann i hælane.
- Stopp, elles skyt eg, blir det ropt.

Men den nakne, han spring og han spring, medan han tenkjer på ho han vil ha og på korleis ein må ta nokre sjansar her i livet.

Pistolmannen blir så provosert at han fyrar av eit skot, og den nakne stupar i bakken. Men han er ikkje alvorleg skadd, har berre nokre småsår.

(Foto: 0o0b.com)(Foto: 0o0b.com)

Og nå kjem politiet.


Går det verkeleg an?


- Nett då du trudde du hadde sett alt, seier detektiv Jim Stephenson, før han arresterer den eine og sender den andre heim.

Den nakne mannen får gå heim og halde fram med å overbevise jenta si.

Pistolmannen, derimot, blir sett i varetekt, anklaga for overfall og for å ha bore eit skjult våpen.

Korleis det gjekk med ho som ikkje ville gifte seg, seier dessverre ikkje historia noko som helst om. Men alle kvinner med vitet i behald ville vel la seg sjarmere av noko slikt?

Kjelde: Ann Arbor News

Meir om romantikk og kjærleik finn du her:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving