Mange i politiets søkjelys
(Foto: atekon.de)
(NPK): Forskar Ola Tellesbø ved Juridisk fakultet i Oslo meiner at det offentlege må få vite omfanget av og kostnadene som går med til denne overvakinga.
Politilova vart endra i fjor sommar, slik at endå fleire kan bli overvaka. Ein mistanke er nok til at PST heilt lovleg kan sjekke e-post og drive telefonavlytting i jakta på terroristar.
- Politiet burde ikkje ha noko meining i å skjule ein slik informasjon. Dersom dei brukar kommunikasjonsovervaking mykje, er det viktig at samfunnet veit dette, seier Tellesbø til NRK.
I tillegg til PST har også vanleg politi fått større fullmakter, men det blir ikkje opplyst kor mykje det ordinære politiet har brukt på dette etter 2004. I dei fire tidlegare åra brukte dei derimot 75 millionar kroner, og summen auka kraftig frå år til år.
Fakta rundt PST-overvakinga er hemmeleg, og Tellesbø meiner dette er spesielt uheldig. Han meiner at dei, for å overvake rikets tryggleik, må gå inn på det politiske feltet, og har ein ikkje ei offentlegheit, kan PST skli ut.
PST-sjef Jørn Holme meiner dette ikkje er ei offentleg sak og ønskjer ikkje å kommentere saka. Det vil heller ikkje Justisdepartementet. (NPK)
Les meir nynorsk i Neste Klikk: