Trailersjåførar slit med etterverknader

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nær halvparten av frontkollisjonane mellom lastebil og personbil er sjølvmord. Lastebilsjåførane slit med depresjon og sinne.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: pema-dk.dk)(Foto: pema-dk.dk)

(NPK): Psykiater Hans Olav Tungesvik har i samarbeid med Norges Lastebileier-Forbund laga ein rapport om lastebilsjåførar som har frontkollidert med personbil. Han har prata med 20 lastebilsjåførar, og 18 av ulykkene var dødsulykker. Av dei 20 lastebilsjåførane svarte ni at ulykkene dei var involvert i var sjølvmord. Så langt i år er det registrert nærare 40 møteulykker.

- Dette er eit avgrensa talmateriale, men det viser ein tendens, og fortel at dette er et betydeleg problem, seier Tungesvik til Aftenposten.

Åtte av sjåførane seier dei såg at bilføraren i møtande bil dreie rattet medvidte mot lastebilen.

Sjåførane som blei involvert i sjølvmordsulykker slit i større grad med posttraumatisk stress enn dei sjåførane som var involvert i ulykker der ulykkesårsaka har vore glatt vegbane, skarp sving, sovande sjåfør bak rattet og liknande.

- Dette har samanheng med den dramatikken som lastebilsjåføren opplever. Mange av dei har sett personen i augo idet dei openlyst køyrer i døden, seier Tungesvik.

Rapporten viser at svært mange av lastebilsjåførane slit med depresjon, dårleg nattesøvn og ustabilt humør etter ulykka. Dette går ut over familien og jobben.

- Dei som planlegg å ta livet sitt på denne måten, bør vite at det får enorme konsekvensar for lastebilsjåførane og familiane deira. Ingen ønskjer sjølvsagt at sjølvmord skal skje, men det blir langt verre når det rammer uskyldige menneske, seier Tungesvik. Han håper at folkeopplysning om rapporten og historiene til sjåførane skal føre til at færre vel å avslutte livet sitt i møte med ein lastebil. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving