Åpen for alle - alltid

Alvorleg slurv ved naudmeldingar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Statens helsetilsyn slår alarm etter at det er oppdaga alvorleg rutinesvikt ved naudsamtaler.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: Etterlyst.no)(Foto: Etterlyst.no)

(NPK): Ein fersk rapport fra Statens helsetilsyn avdekkjer slurv og rutinesvikt når naudsamtaler vert mottekne på telefonnummer 113 ved Akuttmedisinske kommunikasjons - sentralar, skriv Aftenposten.

Tilsette ved AMK-sentralar let i mange tilfelle vere å gi skikkeleg rettleiing i førstehjelp i tida fram til ambulansen kjem på staden, og situasjonen til pasientane blir ikkje avklart raskt nok.

- Det overraskande er at alle som er intervjuet fra AMK seier at dei følgjer boka, men når vi hører på lydloggen, så gjer dei ikkje det. Det mest alvorlege er at dei ikkje synest å vere klar over at dei bryt køyrereglane, seier direktør Lars E. Hanssen i Statens helsetilsyn til avisa.

Det er rett nok ikkje avdekt om slik rutinesvikt har kravd menneskeliv.
I fleire tilfelle blir dei som ringjer inn bedt om å oppgi personalia før det blir avklart om pasienten pustar og lever. Dette er i strid med rutinane. Også samarbeidsrutinane mellom AMK og politiet må bli betre, ifølgje rapporten. Politi og naudetatar vil få brev der behovet for endring vert understreka. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving