Åpen for alle - alltid

Gymnastikk kvar dag gir mindre mobbing

Artikkelen fortsetter under annonsen

Gym på timeplanen kvar einaste dag slår svært positivt ut.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: enviam.de)(Foto: enviam.de)

(NPK): Det er konklusjonen etter eit tre år langt prøveprosjekt ved Grim skole i Kristiansand.

Auka fysisk aktivitet blant elevane har gitt mindre fråvær og auka trivsel ved skulen. No skal prosjektet utvidast til resten av kommunen, og ungdomsskulen meiner heile landet bør følgje etter.

Hovudmålet ved aktivitetsprosjektet i Kristiansand var å auke medvite om kropp, helse og kosthald, og Grim skole sette i gang fleire tiltak for å nå målet. Auka aktivitet i friminutta, sunn nistepakke, førebygging av mobbing og røyking blant elevane var nokre av måla skulen ville nå, skriv Sørnett.

I ei gransking seier alle elevane at dei trivast ved skulen og at ingen vert mobba. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving