- Guantanamosjølvmord ikkje PR-stunt

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det amerikanske utenriksdepartementet distanserer seg frå ein av sine eigne statssekretærar sitt utsegn om at sjølvmorda på Guantanamobasen var eit smart PR-stunt.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

To saudiarabiske fangar og ein innsett frå Jemen blei funne døde laurdag etter at de ifølgje Pentagon greidde å hengje seg med klede og laken i cellene sine. Foto: REUTERS/Shane T. McCoy/ SCANPIXTo saudiarabiske fangar og ein innsett frå Jemen blei funne døde laurdag etter at de ifølgje Pentagon greidde å hengje seg med klede og laken i cellene sine. Foto: REUTERS/Shane T. McCoy/ SCANPIX

- Eg vil ikkje karakterisere det som eit PR-stunt, seier talsmann for utanriksdepartementet, Sean McCormack.

To saudiarabiske fangar og ein innsett frå Jemen blei funne døde laurdag etter at dei ifølgje Pentagon greidde å hengje seg med klede og laken i cellene sine.

Søndag sa statssekretæren Colleen Graffy til BBC at dei tre fangane sitt sjølvmord var eit smart PR-stunt for å tiltrekkje merksemd og ein del av ein strategi for å fremme jihad, heilag krig. Ho sa videre at fangane verken hadde respekt for sine eigne eller andre sine liv.

Sean McCormack avviser å svare på om Graffy er blitt irettesett etter dei oppsiktsvekkjande kommentarane.

Måndag blei det klart at ein av de tre mennene som tok sine eigne liv i fangeleiren på Guantanamo, skulle løslatast, men visste ikkje om det. Mannen skulle vore lauslate saman med 140 andre fangar, men hadde ikkje blitt fortalt om dette. Grunnen var at amerikanske styresmakter ikkje hadde bestemt seg for kva land han skulle sendast til. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving