Domstolar utan pengar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Grunna pengemangel kan truleg ikkje domstolane gjennomføre dei reformene som Stortinget har vedteke.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: netarkitekten.dk)(Foto: netarkitekten.dk)

(NPK): Den 1. januar 2008 skal domstolane etter planen ta i bruk den nye prosessen som er vedteken for sivile saker. På sikt skal dessutan talet på tingrettar reduserast frå vel 80 til 65.

Ingen av desse måla ser ut til å bli nådd, skriv Aftenposten. Årsaka er at Domstolsadministrasjonen meiner den ikkje har pengar til å byggje nye tinghus til dei samanslåtte tingrettane. Den har heller ikkje pengar til å gi dommarane den opplæringa dei treng for å klare å ta i bruk den nye sivilprosessen.

- Gjennomføringa av den nye tvistemålslova er kanskje den største domstolreforma sidan krigen. Den legger opp til ei heilt ny ordning med aktiv dommarstyring, som stiller heilt andre krav til dommarane enn kva som er tilfellet i dag. Det må skje ei betydeleg kompetanseutvikling for at dette skal kunne gjennomførast, og slik eg ser det vil det ikkje vere mogleg å få gjort dette innan 2008, seier direktør Knut Sæther i Domstolsadministrasjonen til avisa.Han meiner Stortinget vedtek reformer utan å løyve dei pengane som trengst til å gjennomføre dei.

Ein rekna opphavleg med at gjennomføringa av lova ville koste rundt 100 millionar, men no er beløpet skore ned til 26.

- Men heller ikkje desse millionane har vi fått. Utbygginga av nye tinghus, som er heilt nødvendig for at tingrettar skal kunne bli slått saman, ser også ut til å stoppe opp. Sammenslåingane i Haugesund, Sandefjord, Gjøvik og Steinkjer er no utsett inntil vidare. Eg opplever dette som veldig urovekkjande. Vi er no i ein situasjon der vi må velje kva for Stortingsvedtak vi skal følgje, og det er ein situasjon vi ikkje kan akseptere utan å seie frå, seier Sæther.

Justisminister Knut Storberget seier at desse spørsmåla vil bli eit tema til hausten, når statsbudsjettet skal handsamast.

- At denne reforma vil koste pengar, det er eg fullstendig klar over. Vår ambisjon er heilt klart at dette skal vere i mål til 2008, seier Storberget. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving