Ditt eige kjernekraftverk

Artikkelen fortsetter under annonsen

Veit du ikkje kva du skal meine om den såkalla energikrisa? Prøv deg som kjernekraftverkssjef.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Prøv deg som sjef i ditt eige kjernekraftverk.Prøv deg som sjef i ditt eige kjernekraftverk.

Etter Tsjernobyl er det lett å vere mot kjernekraft. Men veit du kva du eigentleg er i mot? Og kva var det som fekk det til å gå så frykteleg gale for 20 år sidan?

Korleis er det eigentleg?


Forskning.no

prøver så godt dei kan å forklare oss vanlege dødelege korleis det eigentleg heng saman her i verda. No har dei laga ein

simulator

der du og eg kan prøve oss som sjef på eit kjernekraftverk.

Maktperson


Denne sjefsjobben er svært viktig, og det er mykje å passe på. Best er det vel også om du følgjer med litt under opplæringa, så du forstår kva du eigentleg driv på med. Du vil jo ikkje vere ansvarleg for ei ny Tsjernobyl - ulykke, vil du vel? Og du vil vel heller ikkje miste jobben som kraftverkssjef?

Ein alvorleg leik


Heldigvis er det berre på skjermen og i fantasien at du er kjernekraftverksjef. Men simulatoren gjer deg ei viss kjensle av makt likevel. Det er eit spel på ramme alvor.

For det er alvor, korleis skal vi greie å forsyne Noreg med nok energi i åra som kjem? For ikkje å snakke om korleis heile verda skal få nok energi, særleg viss alle skal bruke like mykje som oss.

Gå inn på

Forskning.no

sine sider, last ned kjernekraftverksimulatoren, og leik deg til kunnskap.


Les meir på nettet:

ABC Startsida:



Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving