Sjefen får skylda for fylla

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sjefen sine alkoholvanar er avgjerande for kor mykje de tilsette drikk, meiner norske ekspertar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sjefen sine alkoholvanar er avgjerande for kor mykje dei tilsette drikk, meiner norske ekspertar. Illustrasjonsfoto: ScanpixSjefen sine alkoholvanar er avgjerande for kor mykje dei tilsette drikk, meiner norske ekspertar. Illustrasjonsfoto: Scanpix

Oslo (NTB): Alkoholen går igjen på fredagspils, kundemøte, seminar, kurs, representasjonsmiddagar og teambuilding. Mengda alkohol som blir drukke i samband med jobben er avhengig av kva slags sjef du har, skriv Dagbladet.

- Viss sjefen er ein ølhund som likar å drikke mykje, vil dette klart prege
miljøet. Han vil rett og slett inspirere medarbeidarane sine til å utvikle
ein fuktig bedriftskultur, seier Halvor Kjølstad, psykolog og direktør i
Arbeidslivets komité mot alkoholisme og narkomani (AKAN).

Samtidig er alkoholen ein stor utgiftspost i arbeidslivet. Ei undersøking gjort av Rokkansenteret i Bergen viste at fylla kostar mellom 1,2 og 1,3 millionar arbeidsdagar årleg på grunn av skoft, nedsett produksjon og dårleg produksjon.

- Dette burde vere ein tankevekkjar for alle som har leiaransvar. Det er snakk om kolossale verdiar som går tapt på grunn av fylla, seier Kjølstad.

Berre 9 prosent av norske bedrifter driv førebyggjande arbeid mot rusmisbruk blant dei tilsette. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving