Sjefen får skylda for fylla
Sjefen sine alkoholvanar er avgjerande for kor mykje dei tilsette drikk, meiner norske ekspertar. Illustrasjonsfoto: Scanpix
Oslo (NTB): Alkoholen går igjen på fredagspils, kundemøte, seminar, kurs, representasjonsmiddagar og teambuilding. Mengda alkohol som blir drukke i samband med jobben er avhengig av kva slags sjef du har, skriv Dagbladet.
- Viss sjefen er ein ølhund som likar å drikke mykje, vil dette klart prege
miljøet. Han vil rett og slett inspirere medarbeidarane sine til å utvikle
ein fuktig bedriftskultur, seier Halvor Kjølstad, psykolog og direktør i
Arbeidslivets komité mot alkoholisme og narkomani (AKAN).
Samtidig er alkoholen ein stor utgiftspost i arbeidslivet. Ei undersøking gjort av Rokkansenteret i Bergen viste at fylla kostar mellom 1,2 og 1,3 millionar arbeidsdagar årleg på grunn av skoft, nedsett produksjon og dårleg produksjon.
- Dette burde vere ein tankevekkjar for alle som har leiaransvar. Det er snakk om kolossale verdiar som går tapt på grunn av fylla, seier Kjølstad.
Berre 9 prosent av norske bedrifter driv førebyggjande arbeid mot rusmisbruk blant dei tilsette. (©NTB)