Lærarane er ikkje nok kompetente
(Foto: matrix.thescarymonkeyshow.com)
(NPK): Regjeringa seier samstundes at det ikkje blir lett å få opp kompetansen til mange lærarar. Regjeringen brukar i år 375 millionar kroner til vidareutdanning, men innrømmer at den står framfor ei stor utfordring.
Ifølgje rapporten klarar 24.000 lærarar i ungdomsskulen og vidaregåande skule ikkje å tilpasse undervisninga til alle elevane. Dei har berre ein måte å lære bort stoffet på, og resultatet blir at elevane lærer mindre enn dei elles ville gjort.
Eleven får det vanskeleg på fleire område, og for mange er konsekvensane dramatiske, seier forskar Yngve Lindvig.
Fagorganisasjonen til lærarane, Utdanningsforbundet, vil ikkje kommentere rapporten, melder NRK.
Eit representativt utval på 1.200 elevar og 300 lærarar fra Austlandet og Nord-Norge har vore med på undersøkinga. (NPK)