Meny

Systrer syklar landet på langs

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Somme vel å bruke ferien til å slappe av. To systrer frå Rygge vil heller sykle 2600 kilometer.

Her på Nordkapp starta dei to jentene friskt i dag klokka tolv. (Foto: skiraware.de)Her på Nordkapp starta dei to jentene friskt i dag klokka tolv. (Foto: skiraware.de)

I dag byrjar systrene Anne-Sofie og Beathe Engelschiøn ferien sin. Dei har valt å bruke dei tre vekene til å tilbakeleggje dei 2600 kilometrane frå Nordkapp til Lindesnes. På sykkel.

Litt ambisiøst kanskje


Sykkelferie er den beste ferien, det er jo heilt klart. Det går sakte, ein får sjå alt, ein kan stoppe der ein vil, og alle blir imponerte. Men 2600 kilometer på tre veker?

Dei to systrene, som kjem frå Rygge men bur i Trondheim, fekk ideen om å sykle Noreg på langs på eit nachspiel. I 1 1/2 år har dei planlagt turen, men dei seier til

Adresseavisa

at dei ikkje er i spesielt god form.

Tørrtrent med telt


Ikkje har dei mykje sykkelerfaring heller, men dei har tørrtrent på å setje opp telt i hagen. På hugselista for turen står det dessutan: «Hugs å lære korleis ein brukar gassbrennaren». Råd om friluftsliv har dei søkt hos hakkespettane i Donald Duck & co.

Det gjeld nok å stå på viss dei skal greie å kome seg til Lindesnes på tre veker. (Ill.foto: abc-of-mountainbiking.com)Det gjeld nok å stå på viss dei skal greie å kome seg til Lindesnes på tre veker. (Ill.foto: abc-of-mountainbiking.com)

Vi følgjer med


Det hjelper sikkert på motivasjonen at Anne-Sofie og Beathe har lovt å halde trønderar og andre lesarar oppdaterte på korleis det går kvar dag ved å føre ein

blogg

. Kvar dag skal dei leggje ut bilde og tekst på bloggen, så då gjeld det å stå på.

Heller hårspray enn termos


Elles fortel systrene at dei har vald bort termosen til fordel for lipgloss, hårspray og sminke. Litt moro skal ein jo også ha det i ferien.


Kjelde:

Les

meir på nettet:



Mange sykkeltips får du hos:



ABC Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus