Slik skal det gjerast

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ekte romantikarar gjer det med hjarta. Det nyttar liksom ikkje å fake romantikk, gjer det vel?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Rhett Butler: ein maskulin romantikar. (Foto: massmoca.org)Rhett Butler: ein maskulin romantikar. (Foto: massmoca.org)

Det er vel og bra med kvite strender, solnedgang og raude roser, men kven greier eigentleg å vere oppriktig romantisk?

Eg kan vanskeleg tenkje meg noko(n) som toppar denne historia frå verkelegheita:


Ute i sommarnatta


For nokre år sidan var ei venninne av meg saman med ein skikkeleg romantisk type. Dette hende då dei både to var i slutten av tenåra, og dei budde framleis heime hjå sine respektive foreldre.

Ei natt låg altså denne guten og tenkte på kjærasten sin. I den halvljose sommarnatta stod han opp og rodde over Glomma dit kor jenta og familien hennar budde. Stilt på tå lista han seg bort til postkassestativet deira. Oppå postkasselokket hadde nemleg denne familien eit lite torvtak.

Blåklokker er ganske romantisk. Dei kostar ikkje noko, heller. (Foto: agrokonsult.no)Blåklokker er ganske romantisk. Dei kostar ikkje noko, heller. (Foto: agrokonsult.no)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Og kva trur du så han gjorde? Han lirka opp ein markblom med rot og det heile, og så planta han den på postkasselokket.

Ein fin liten blome


Kan du tenkje deg neste morgon når ho stod opp og såg denne blomen som stod så fint og nikka mot ho frå torvtaket på postkassa? Og kan du tenkje deg reaksjonen hjå oss venninnene då ho fortalde denne historia? Himmel og hav, me stod formeleg i kø for å «arve» denne kjærasten hennar viss ho skulle gå lei.

Noko så romantisk! Men det blei ikkje dei to for alltid, då…

Praktisk romantisk


Ikkje fullt så romantisk, men likevel ganske søt, var ein annan fyr eg kjenner. Han baud heim ei jente han var så forelska i. No hadde han ikkje peis eller isbjørnfell dei kunne romantisere på, men denne guten var ikkje tapt bak ei vogn.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Han dekte på på kjøkkengolvet, slo av lyset i taket, og så sat dei der og åt romantisk middag - i lyset frå omnslampa inne i steikomnen! Ikkje dårleg tenkt, det heller.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Seal song sjølvmekka song for kjærasten i bryllaupet deira. (Foto: ruggedelegantliving.com)Seal song sjølvmekka song for kjærasten i bryllaupet deira. (Foto: ruggedelegantliving.com)

Songfugl på stranda


La meg nå ta med ein fyr til som har forstått eit par ting i livet.

Artisten Seal gifta seg med modelldama Heidi Klum i 2005. I staden for å skipe til eit gedigent og overdådig kjendisbryllaup, gifta dei seg i det stille på stranda rett ved huset til Seal i Mexico.

Til stades var 40 av parets næraste på familie- og vennefronten - inkludert dottera til Heidi Klum, litle Leni på 1 år. Songaren Seal gjorde ære på brura med ein song han hadde skrive i høve dagen. Den framførte han då, der på stranda i Mexico, berre akompagnert av ein ungarsk fiolinist…

Ryktene vil forresten ha det til at han fridde til Heidi Klum i ein iglo.

Akk ja, sann. Ikkje lett å slå noko slikt. Eller?

Har du ei god, romantisk historie med høg åååhhhh-faktor du vil dele med oss, kan du berre bruke kommentarfeltet nedanfor.

Meir om romantikk og kjærleik finn du her:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving