Vil bli kyrkjeverje

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tidlegare kyrkjestatsråd Valgerd Svarstad Haugland har søkt stillinga som kyrkjeverje i Oslo.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: Erik Berg/KKD)(Foto: Erik Berg/KKD)

Oslo (NTB): Det inneber at tida som arbeidsledig kan gå mot slutten, åtte månader etter at ho gjekk av som kyrkje- og undervisningsminister, erfarar Aftenposten.

Den nye daglege leiaren for Kyrkjeleg Fellesråd i Oslo blir tilsett 29. juni, og Svarstad Haugland skal vere med i finaleheatet.

Ni anonyme søkjarar kjempar om stillinga, som blant anna inneber å vere lobbyist overfor Oslos politikarar når dei skal opne pengesekken.

Kyrkjeverja sett blant anna opp lista over kva for kyrkjelydar som har behov for pengar til vedlikehald og nye stillingar.

Svarstad Haugland ville ikkje kommentere overfor Aftenposten om ho har søkt stillinga. Byrådsleder Erling Lae (H) trur at Oslo vil få «ei glimrande kyrkjeverje og ein dyktig samarbeidspartnar» i Svarstad Haugland.

- Det er hyggeleg å få ein så sterk søkjar. Det er alltid ein fordel i slike stillingar at ein veit korleis det politiske systemet fungerer, seier Lae. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving