Meny

Pyramidenettverka har kollapsa

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Dei største pyramidenettverka i Noreg har kollapsa, og rundt 200 personar har sikra seg millionvinstar. Men medlemmene har tapt ein milliard kroner.

(Foto: uptownshelter.org)(Foto: uptownshelter.org)

- Pyramidenettverka er konstruerte for å kollapse, og det er nettopp det dei har gjort. Dei har blomstra opp, robba pengar frå folk og no har dei forsvunne, seier førsteamanuensis Gorm Kunøe ved Handelshøgskolen BI til Aftenposten.

No er marknaden nesten heilt stille etter at fleire hundre tusen nordmenn har vore involvert. Totalt reknar ein med at medlemmene har hatt eit nettotap på minst ein milliard kroner.

Minst 60 pyramideliknande selskap har operert i Noreg dei siste fire åra. World Games (WGI) hevda i si tid at cdei hadde 250.000 medlemmer. Minst 20 nordmenn tok i 2003 ut milliongevinstar frå WGI.

Dessutan har The Five Percent Community (T5PC) vore det mest omtalte pyramideselskapet. Det gjekk konkurs i 2004, og 80.000 nordmenn mista pengane sine.

Dei andre store nettverka, som Eurosmart, Lifewealth8, Prosper Club, PlexPay og WWA, har enten gått konkurs eller kollapsa. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus