Fritt fram for lærarsjikane
(Foto: dsv.su.se)
(NPK): Men skulane står makteslause: Straffar dei elevane for sjikaneringa, risikerer dei å bryte lova.
For to månader sidan vart ein elev ved Bryne videregåande skule i Rogaland utvist frå skulen i fem dagar. Årsaka var at eleven hadde hengt ut og sjikanert fem lærarar under fullt namn på sin eigen nettblogg.
Ein av lærarane vart kåra til «ukens hore». I eitt tilfelle vart familien til læraren omtala. I tillegg vart måten læraren oppfører seg på i klasserommet gjort narr av og ironisert over, skriv Dagsavisen.
Eleven som sto bak sjikaneringa fekk nedsett ordenskarakter, i tillegg til utvising. No har skulen snudd og trekt attende heile straffa.
Bakgrunnen er at advokat John Christian Elden, på vegner av Elevorganisasjonen, har konkludert med at skulen ikkje kan straffe elevar som sjikanerer lærarar eller medelevar på internett så lenge det skjer utanfor skulen. (NPK)