Eg skjemst av deg, elskling

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kan du elske nokon samstundes som du skjemst av vedkommande?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Badedrakt kan vere fint det, men det er ikkje alle som set pris på at ein brukar det på gata. (Foto: jacverloop.nl)Badedrakt kan vere fint det, men det er ikkje alle som set pris på at ein brukar det på gata. (Foto: jacverloop.nl)

Ekte kjærleik overvinn alt, det veit vi frå filmverda. Årelang åtskiljing, verdskrigar og til og med døden er ingenting for den store kjærleiken. Men den vanskelegaste av alle prøvingar for forholdet vert så godt som aldri nemt i store romantiske drama: Når ein skjemst av den ein elskar.

Å, nei, ikkje dei sokkane


Historia om dei to elskande som mistar kvarandre fordi eit stort skip går ned under rystande omstende, er noko meir storslått og imponerande enn den om dei som må gå kvar sin veg fordi ho ikkje orkar å sjå han med skjorta inni buksa på den gubbeaktige måten.

Kan ein elske nokon ein skjemst av? Eller, omvendt, kan ein skjemst av nokon ein verkeleg elskar?

Ullgenser og badedrakt


Eg hugsar at far min gjekk på andre sida av gata ein gong vi var på ferie, med ullgenser. Eg og mor mi gjekk i det nyinnkjøpte badetøyet vårt, det var varmt, må vite. Han elska oss nok ikkje mindre om han ikkje hadde behov for å vise offentleg at han var i slekt med oss akkurat då.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det gjeld å finne nokon ein ikkje skjemst av, i alle fall ikkje når ein er åleine. (Foto: schmunzelmal.de)Det gjeld å finne nokon ein ikkje skjemst av, i alle fall ikkje når ein er åleine. (Foto: schmunzelmal.de)

Nennsam utveljing


Men ein vil jo ikkje forelske seg i nokon som får ein til å skjemst. Ein vil jo vere stolt av den ein elskar. Så det gjeld å passe på å plukke dei nennsamt ut. Nokon å vise fram, å sole seg i glansen frå. Eller, som i det minste matchar den stilen ein sjølv meiner å ha.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Forelskingas slør


Men det er det med forelskinga, at ho dekkjer over at den utkåra ler høgt av sine eigne vitsar. Ho gøymer unna den nasegruse beundringa hans for alt som kan kallast alternativt, og får det til å verke søtt at han har ein hang til å behalde ryggsekken på når han sit på kafe. Til og med dei kvasifilosofiske betraktningane hans om «store, viktige ting» glir forbi som tåkedottar.

Kan du elske ein som har tatovering av hunden sin? (Foto: tattoo22.com)Kan du elske ein som har tatovering av hunden sin? (Foto: tattoo22.com)

Artikkelen fortsetter under annonsen

Skuggane trer fram


Desse tinga dukkar dessverre opp igjen når kvardagen melder seg etter nokre veker eller månader med forelskingsrus.

Ein ser ting ein ikkje ante eksisterte tre fram som skuggar over det lyserosa teppet av noko ein trudde var kjærleik. Det er då ein må bruke hovudet, som ein endeleg har fått tilbake, til å tenkje over om kjærleiken og det pinlege eigentleg kan kombinerast. Må ein ikkje berre elske fyren, og oversjå småting som at han har tatovert bilde av hunden sin på arma?

På toppen av irritasjonen over berget av dumme feil kjærasten plutseleg viser seg å ha, kjem den ekle kjensla av å skjemst fordi ein skjemst. Elskar eg han ikkje i det heile?

Berre de to


Eit viktig teikn på om kjærleiken kan halde ut desse tilsynelatande uoverstigelege hindringane, er om ein berre skjemst i saman med andre folk. Ein mann som får deg til å raudne når de er aleine, fordi han har 20 bilde av seg sjølv på veggen og aldri blir lei av å ramse opp alle musikkinstrumenta han etter eige utsegn spelar utruleg bra, utan at du nokon gong får høyre han spele, er kanskje ikkje noko å satse på.

Viss du skjemst når de er aleine, er deg sjølv du skjemst av. Fordi du er saman med han endå du ikkje elskar han.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein del av deg


I saman med andre skjemst du av den du elskar fordi han har blitt ein del av deg. Han er blitt ein del av deg du ikkje har kontroll over, det kjennast som det er du som har på deg ryggsekken ved kafebordet. Som om fingrane dine plutseleg hadde teke på seg dumme, store tinnringar i vikingstil, og du ikkje kunne gjere noko med det.

Ofte skjemst ein nettopp av det same som gjer at ein elskar den ein elskar. Far min elska jo oss der vi gjekk på andre sida av gata, i bikini og badedrakt, midt i byen. Og han beundra nok mor mi som var så handlekraftig og løysingsorientert. Han hadde nok innarst inne vorte skuffa viss vi hadde gjort akkurat som han venta av oss.



Artikkelen byggjer på ein idé frå: Brigitte.de

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving