Åpen for alle - alltid

Statstoppane aukar mest i løn

Artikkelen fortsetter under annonsen

Arbeidsminister Bjarne Håkon Hanssen ber no forskarane finne ut kvifor toppleiar-lønningane aukar så mykje.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: Odin)(Foto: Odin)

(NPK): Statens eigne bedrifter vekkje stor interesse. I statsbedriftene aukar nemleg lønningane meir enn i private for tida.

Staten må dermed forske på seg sjølv. Staten har store eigardelar i Noregs største selskap: Statoil, Telenor, Hydro, DnB NOR og Statkraft.

I desse selskapa steig løna og bonusordningane til toppsjefane med mellom 60 og 130 prosent frå 2000 til i fjor, viser utrekningar Aftenposten har gjort.
Gjennomsnittet for alle store bedrifter var 56 prosent vekst.

- Den sterke veksten, særleg i dei største bedriftene, har vore uheldig. Det er vanskelegare å få gjennomført moderate lønsoppgjer når leiarlønningane stig så mykje. Denne samanhengen vil vi vite meir om, seier statssekretær Jan-Erik Støstad i Arbeids- og inkluderingsdepartementet til Aftenposten. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving