Meny

Røyken tek elleve leveår

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Personar som døyr av røyking mistar i gjennomsnitt elleve år av livet.

 (Foto: hot.ee) (Foto: hot.ee)

(NPK): Det er for kvinner at flest år går opp i røyk, går det fram av ein fersk rapport frå Nasjonalt folkehelseinstitutt.

Også dei som røykjer lite, tapar leveår. For gruppa som tek seg fem sigarettar om dagen, døyr fleire som er mellom 40 og 70 år gamle, enn i dei gruppene som aldri har røykt, skriv Dagsavisen.

- Menn som døyr av røyking når dei er mellom 40 og 70 år gamle, tapar i gjennomsnitt 14 leveår. Kvinner som døyr i same aldersgruppe, mistar 20 år, heiter det i rapporten. Grunnen er at kvinner vanlegvis lever lenger enn menn.

- Alt den første sigaretten skadar hjartet. Risikoen for hjartesjukdom stig ikkje så mykje om du røykjer fem, 15 eller 20 sigarettar om dagen, seier professor Stein Emil Vollset, som har hatt ansvaret for arbeidet med rapporten.

For lungekreft aukar risikoen dess meir du røykjer. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus