Europeiske land blir beskyldt for samarbeid med CIA

Artikkelen fortsetter under annonsen

Europeiske regjeringar samarbeidde med USA om CIA-flygingar med fangar, og om to hemmelege fengsel i Aust-Europa, heiter det i ein rapport som fleire britiske medier refererer frå.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: horaz.com)(Foto: horaz.com)

London (NTB-AFP): BBC melde om rapporten tysdag, og avisa The Guardian har ein artikkel om han onsdag. Båe seier dei har sett rapporten som er utarbeidd av den sveitsiske lovgjevaren Dick Marty for Europarådet.

Ifølgje rapporten, som blir offentleggjort onsdag, var 14 europeiske regjeringar involvert i det den kallar «den svært uvanlege sendinga» av mistenkte terroristar til tredje land for avhør.

BBC og The Guardian seier at Marty konkluderer med at «edderkoppnettet» av CIA-flygingane på kryss og tvers av Europa er basert på ein fullstendig framand juridisk måte å tenkje på som krenkjer menneskerettane.

Han reserverer sin hardaste kritikk for USA, som han anklagar for å ha utvikla nye juridiske konsept når gjeldande konsept ikkje var nok mot nye formar for internasjonal terrorisme.

Men ei rekkje europeiske land er også skuldige fordi dei aktivt samarbeidde eller snudde det døve øyret til. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving