Bøndene krev at regjeringa stoppar streiken

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kyllingar og andre dyr som ikkje blir slakta, blir stadig meir overvektige. Bondelaget, Gilde og Prior ber no om at regjeringa grip inn og stoppar veterinærstreiken, skriv Nationen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: diamondv.com)(Foto: diamondv.com)

(NPK): N24 skriv at regjeringa kan kome til å stoppe streiken i løpet av nokre dagar på grunn av dei overvektige kyllingane. Kyllingane blir for store for bura sine dersom dei ikkje blir slakta innan 30 dagar.

Men dersom kyllingane skal .bli godkjende som menneskemat, må det vere veterinærvakt på slakteriet.

Veterinærane streikar ved fjærfeslakteria, og Mattilsynet har fått avslag på dispensasjonssøknaden sin.

- For kyllingene spelar det inga rolle om dei blir til mat eller ikkje. Målet med ein streik er jo ramme arbeidsgivaren økonomisk, seier streikeleiar Knut Aarbakke i Akademikerne stat. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving