100.000 må stramme inn

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kva må vi kutte ut for å klare å betale rente og avdrag på lånet? Dette blir det store spørsmålet for 100.000 familiar i Noreg dei neste tre åra, spår Norges Bank.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: cruisemeetings.com)(Foto: cruisemeetings.com)

(NPK): Dyrare bustader og høgare rente lagar minus i rekneskapen.


Norges Bank har rekna på kor mange hushaldningar i landet som har større utgift enn inntekt. I år er det 190.000 hushaldningar som går i minus, viser vurderingane frå Norges Bank. I 2009 er det heile 290.000 som vil ha same problemet, skriv Aftenposten.

Det betyr at 100.000 nye hushaldningar dei neste tre åra vil ende opp med det Norges Bank kallar "negativ margin". Det er i alt om lag 2 millionar hushaldningar her i landet. 14 prosent av desse vil måtte stramme kraftig inn på forbruket, eller ta ein alvorsprat med banken i 2009.

Norges Bank meiner likevel ikkje at det er grunn til å svartmåle situasjonen. Det er ein del å gå på, meiner visesentralbanksjef Jarle Bergo.

- Det er ein relativt avgrensa del av hushaldningane som har slike negative marginar. Og sjølv negativ margin betyr ikkje at dei er ute av stand til å handtere økonomien sin, seier Bergo til Aftenposten. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving