Meny

Har eg sett deg før?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Har du problem med å kjenne igjen kjærasten din når du møter han på gata?

Dette er Julia Roberts, i tilfelle du skulle vere i tvil. Eit av problema til folk med ansiktsblindheit, er at dei ikkje kjenner igjen personane i filmar og fjernsynsseriar viss dei skiftar klede eller frisyre. (Foto: wallpaperbase.com)Dette er Julia Roberts, i tilfelle du skulle vere i tvil. Eit av problema til folk med ansiktsblindheit, er at dei ikkje kjenner igjen personane i filmar og fjernsynsseriar viss dei skiftar klede eller frisyre. (Foto: wallpaperbase.com)

Dei fleste av oss har opplevd det. Du møter nokon som openbert kjenner deg, men du aner ikkje kven vedkommande er.

Du synest du har sett han før, men hugsar ikkje om han er ein du har møtt på ein fest ein gong, sjefen i firmaet der du nettopp var på jobbintervju, den nye naboen eller ein frå klassen på vidaregåande. Fyren stoppar og snakkar med deg og spør korleis det går, og du prøver febrilsk å hugse kor du har han frå.

Kunne ha vore verre


Desse situasjonane er anstrengande og pinlege, men viss det kan vere ei trøyst, melder

Forskning.no

om at det finst dei som har det langt verre. Det finst nemleg faktisk menneske som lir av ansiktsblindheit, har forskarar frå Harvard og University College London funne ut.

Det ser ut til at heile to prosent av befolkinga har dette problemet, som gjer at dei verkeleg har store problem med å kjenne igjen ansikt.

Har du sett han før?


1600 personar gjekk gjennom internettbaserte testar, der dei fekk sjå eit ansikt i tre sekund. Etterpå fekk dei sjå tre ansikt, og skulle finne ut kva av dei dei nettopp hadde sett. Seinare måtte deltakarane gjennom meir avanserte testar, der dei måtte kjenne igjen ansikt i forskjellig lys og frå forskjellige vinklar.

Forskarane konkluderte med at to prosent av prøvekaninane hadde så store problem med å kjenne igjen ansikt at det må gå ut over dagleglivet deira. Dei som er hardast ramma, kjenner ikkje eingong igjen sin eigen ektefelle og sine eigne barn. kan vi snakke om at det byrjar å bli anstrengande og pinleg.

ABC Startsida:

Meir om byrjande ansiktsblindheit i Neste Klikk:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus