Bilde av nyfødte Jolie-Pitt gir pengar til fattige

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei første bilda av babyen til Angelina Jolie og Brad Pitt vil koste nokre heldige tidsskrift flesk, men inntekta skal gå til å hjelpe fattige barn.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: NTB)(Foto: NTB)

Los Angeles (NTB-Reuters): Paret kunngjorde måndag at dei har gitt fotoagenturet Getty Images rettene til dei første bilda av babyen, som blei fødd i Namibia, og har fått namnet Shiloh Nouvel Jolie-Pitt.

Men alle inntektene av bilda, som truleg kan nå mellom 30 og 40 millionar kroner, skal gå til veldedige føremål.

«Mens vi feirar gleda over den førstefødde dottera vår, innser vi at 2 millionar babyar som blir fødd kvart år i den fattige delen av verda, døyr allereie same dag som dei blir fødde. Desse barna kunne vore redda, men berre viss regjeringar verda rundt prioriterer det», heiter det i ei erklæring dei to sende ut etter fødselen.

Shiloh blei fødd 27. mai på eit sjukehus i Namibia, mens hordar av pararazzifotografar sirkla rundt i håp om å sikre seg bilde. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving