FN ser slutten på barnearbeid

Artikkelen fortsetter under annonsen

Om ti år kan barnearbeid vere utrydda, meiner ILO. I en ny rapport konkluderer FN-organet med at omfanget av barnearbeid er redusert med 11 prosent på fire år.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: freethechildren.org)(Foto: freethechildren.org)

(NPK): Talet for barnearbeid i dei tøffaste og farlegaste bransjane har ein nedgang på heile 26 prosent, viser FN-rapporten.

Det er andre gong FN-organisasjonen International Labour Organization (ILO) gir ut ein samla rapport om globalt barnearbeid, skriv avisa Vårt Land.

Den nye rapporten har den optimistiske tittelen "Slutten på barnearbeid innan rekkjevidde" og konkluderer med at det internasjonale arbeidet mot utnytting av barn som billeg arbeidskraft i fattige land, ser ut til å gi resultat.

Rapporten peikar på at økonomisk vekst i dei fattige landa er viktig, men ikkje tilstrekkeleg for å få bukt med barnearbeidet. Det er heilt avgjerande å kjempe mot haldningar, og det må leggjast til rette med skuletilbod og andre tiltak slik at foreldra har råd til å sende borna på skulen.

ILO meiner det er realistisk å få slutt på barnearbeid innan 10 år. Men det krevst sterk politisk vilje og stor innsats frå verdssamfunnet og dei enkelte land. Prislappen for å fjerne barnearbeid er kalkulert til 760 milliardar dollar. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving