- Vegar sikrar attval

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Noreg ligg 30 til 60 år etter Sverige og Danmark i utbygging av motorvegar. Pengar er ikkje årsaka til dette.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: ctt.dtu.dk)(Foto: ctt.dtu.dk)

(NPK): Årsaka er at Stortinget har sett omsynet til distrikta føre faglege vurderingar, meiner forskar Knut Boge ved Handelshøgskulen BI.

I doktoravhandlinga si samanliknar han vegpolitikken i Noreg, Sverige og Danmark i det 20. hundreåret. Her dokumenterer han korleis investeringane i dei nordiske landa har vore totalt ulike , og at dette har resultert i ein svært ulik utbyggingspolitikk i vegsektoren.

I Noreg har Stortinget hatt siste ordet i alle vegsaker som har vore delfinansiert av staten. Samansetjinga av Stortinget har difor vorte avgjerande for prioriteringane.

- Vegar har vore lokkevare for veljarane. Stortingsrepresentantar har sikra seg attval fordi dei er garantistar for ein lokal vegstubb, seier Boge til Dagens Næringsliv.

Medan vegbygging har vore sett på som ein del av næringspolitikken i nabolanda våre, dokumenterer Boge at vegbygging i Noreg har status som eit velferdsgode, og at samfunnsøkonomiske vurderingar har vore mindre viktige. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving