Åpen for alle - alltid

Folketalet går ned i distrikta

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sentraliseringa held fram. Auka urbanisering fører til auka flyttestraum og færre innbyggjarar i distrikta. Særleg er nedgangen merkbar i Nord-Noreg.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: photoatlas.com)(Foto: photoatlas.com)

(NPK): I denne delen av landet har folketalet minka i heile 77 av 90 kommunar sidan 2000, skriv avisa Nationen, som har samanlikna tal frå Statistisk sentralbyrå i perioden.

I Sør-Noreg har det vore nedgang i folketalet i 168 kommunar, ein nedgang på 39 prosent, medan heile 85 prosent av kommunane i Nord-Noreg har hatt same utvikling.

Fylkesoversikta viser at folketalet har auka i 15 fylke, medan tala på kommunenivå viser at dei urbane strøk har så stor vekst at det veg opp for nedgangen i resten av fylket.

Nordland er fylket der flest kommunar har hatt negativ utvikling i folketalet. 93 prosent, 42 av kommunane, har hatt nedgang i folketalet sidan 2000. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving