WHO åtvarar mot omskjering av kvinner

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kvinner som er omskorne har auka risiko for komplikasjonar under fødsel, og barna deira har auka risiko for å døy, slår Verdas helseorganisasjon (WHO) fast.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: english.pravda.ru)(Foto: english.pravda.ru)

Geneve (NTB-DPA): Over 100 millionar jenter og kvinner verda over er truleg omskorne, ein praksis som først og fremst er vanleg i Afrika.

Ei undersøking utført av WHO i seks afrikanske land viser at 6,4 prosent av barna til omskorne kvinner døyr under eller rett etter fødselen, mot 5 prosent av barna til kvinner som ikkje er omskorne.

Mørketala er truleg store ettersom undersøkinga byggjer på statistikk frå sjukehus som er vane til å ta imot barn av omskorne mødrer.

Som oftast blir jentene omskore før dei fyller ti år, og graden av skadar dei blir påført varierer med kva for land og stammar dei tilhøyrer.

- Omskjering av kvinner er ein praksis som er rotfesta i kultur og tradisjon, men det bør ikkje få fortsette. Vi må støtte dei som forsøker å få slutt på denne praksisen, seier Joy Phumaphi i WHO. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving