Vann du Sting på nynorsk?
I mai kom singelen « Tidevatn » med Kjell Inge Torgersen inn på Norsktoppen, og der låg han heilt til uti juli. Det vitnar om at gjendiktingane av Sting sine songar til nynorsk har eit stort publikum.
21. august kjem albumet «Aks av gull» i butikkane.
Sting i stavangersk setting
Kjell Inge Torgersen fortel på
nettsida si
at han har ein dragning mot musikken til Sting. Han trur at sjølv om vi er aldri så gode i engelsk i Noreg så misser vi noko av meininga når vi høyrer på tekstane.
Derfor har han gjendikta Stings tekstar til nynorsk, og sett dei inn i ein norsk, stavangersk setting.
- Dette handlar om nærleik og kanskje også om sosiolingvistikk, skriv Torgersen på sidene sine.
Bokmål i nettbanken
Korfor nynorsk er jo eit ofte stilt spørsmål, av ein eller annan uforståeleg grunn. Torgersen stiller seg sjølv dette spørsmålet, og svaret er befriande enkelt, og hadde fått Ivar Aasen til å rope hurra:
- Korfor? Tjah, i Noreg finst det mange sinte målmenn - og nynorsk er språket for kjenslene. Dveling krevjer nynorsk. Bokmål brukar me i nettbanken.
Torgersen med band har spela Sting-låtane for publikum rundt på Vestlandet for jublande publikum og gode kritikkar. Og snart kjem altså plata.
KONKURRANSEN ER AVSLUTTA
Vi hadde fem eksemplar av singelen « Tidevatn » og spurde:
Kva kallar Kjell Inge Torgersen seg når han syng på engelsk?
Det var mange som visste at svaret er Berg. Dei fem som får premie i posten, er:
- Geir Landa, Finnøy
- Torstein Dybdahl, Trondheim
- Arvid Nergård, Sandsli
- Camilla Hole, Byrkjelo
- Solveig Strand, Moss
Gratulerer til vinnarane!
Les meir på nettet:
Nettstaden til Torgersen: Tilfellet Torgersen
Og denne: Kjellingetorgersen.no
Høyr ein smakebit frå singelen
Tidevatn