Vann du Sting på nynorsk?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kjell Inge Torgersen har omsett songane til Sting til nynorsk. Bokmål passar best i nettbanken, meiner han.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kjell Inge Torgersen har gjendikta Stings tekstar til nynorsk.Kjell Inge Torgersen har gjendikta Stings tekstar til nynorsk.

I mai kom singelen « Tidevatn » med Kjell Inge Torgersen inn på Norsktoppen, og der låg han heilt til uti juli. Det vitnar om at gjendiktingane av Sting sine songar til nynorsk har eit stort publikum.

21. august kjem albumet «Aks av gull» i butikkane.

Sting i stavangersk setting


Kjell Inge Torgersen fortel på

nettsida si

at han har ein dragning mot musikken til Sting. Han trur at sjølv om vi er aldri så gode i engelsk i Noreg så misser vi noko av meininga når vi høyrer på tekstane.

Derfor har han gjendikta Stings tekstar til nynorsk, og sett dei inn i ein norsk, stavangersk setting.

- Dette handlar om nærleik og kanskje også om sosiolingvistikk, skriv Torgersen på sidene sine.

Kjell Inge Torgersen med band har spelt Sting-songane for publikum rundt på Vestlandet og fått god respons. Frå venstre: Bjarte Mo, Aril Schøld, Kjell Inge Torgersen, Magnhild Mo og Karl Dag Kjosavik. (Foto: Morten Berentsen)Kjell Inge Torgersen med band har spelt Sting-songane for publikum rundt på Vestlandet og fått god respons. Frå venstre: Bjarte Mo, Aril Schøld, Kjell Inge Torgersen, Magnhild Mo og Karl Dag Kjosavik. (Foto: Morten Berentsen)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Bokmål i nettbanken


Korfor nynorsk
er jo eit ofte stilt spørsmål, av ein eller annan uforståeleg grunn. Torgersen stiller seg sjølv dette spørsmålet, og svaret er befriande enkelt, og hadde fått Ivar Aasen til å rope hurra:

- Korfor? Tjah, i Noreg finst det mange sinte målmenn - og nynorsk er språket for kjenslene. Dveling krevjer nynorsk. Bokmål brukar me i nettbanken.

Plata «Aks av gull» er å få tak i frå 21. august.Plata «Aks av gull» er å få tak i frå 21. august.

Torgersen med band har spela Sting-låtane for publikum rundt på Vestlandet for jublande publikum og gode kritikkar. Og snart kjem altså plata.

KONKURRANSEN ER AVSLUTTA


Vi hadde fem eksemplar av singelen « Tidevatn » og spurde:

Kva kallar Kjell Inge Torgersen seg når han syng på engelsk?

Det var mange som visste at svaret er Berg. Dei fem som får premie i posten, er:

  • Geir Landa, Finnøy
  • Torstein Dybdahl, Trondheim
  • Arvid Nergård, Sandsli
  • Camilla Hole, Byrkjelo
  • Solveig Strand, Moss

Gratulerer til vinnarane!

Les meir på nettet:



Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving