Vann du Frode Gryttens beste noveller?

Artikkelen fortsetter under annonsen

I «Sjuk av lykke» har Frode Grytten samla dei beste novellene sine. Fem kloke har blitt plukka ut til å få boka i posten.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

I «Sjuk av lykke» har Frode Grytten samla dei beste novellene sine.I «Sjuk av lykke» har Frode Grytten samla dei beste novellene sine.

Novellene til Frode Grytten er gode, det er nesten alle einige om.

Han debuterte allereie i 1983, med diktsamlinga «Start», men det store gjennombrotet kom først med romanen «Bikubesong» i 1999. Denne boka har vorte ein gedigen suksess på alle måtar.

Romanen, som består av ei rekkje forteljingar som alle tar utgangspunkt i industriarbeidar -bustaden Murboligen i Odda, er oversett til mange språk. Til og med kinesarane gler seg over dei sorgmuntre forteljingane frå Murboligen.

Teaterversjonen av Bikubesong har gått for fulle hus og stormande jubel både på Det Norske Teatret i Oslo og i Lindehuset på smelteverket i Odda sidan 2003.

Men Grytten har skrive mange bøker i tillegg til den heidundrande suksessen Bikubesong. I samlinga «Sjuk av lykke» finn du dei finaste novellene hans.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Tekstane i samlinga handlar om kjærleik som er på veg - til å bli noko meir, eller til å bli borte, som ikkje blir noko av, og dei viser korleis kjærleiken også fører med seg hat, sorg, smerte og melanokoli. Her er noveller om kjærleik og om venskap, om sjukdom og død, og under ligg den melankolske musikken som eit blått teppe. Favorittane til Grytten er Tindersticks, The Smiths og Van Morrison.

KONKURRANSEN ER AVSLUTTA!


Vi spurde: Kven har regissert teaterversjonen av «Bikubesong»? Og mange visste at det var Lasse Kolsrud.

Desse fem kan vente seg å få dei vakraste av dei vakre novellene til Frode Grytten i posten snart:

  • Tor Priésner, Hafrsfjord
  • Laila von Hafenbrädl, Sarpsborg
  • Wenche T. Bjerknes, Kristiansund
  • Sigurd Berge, Odda
  • Simon Hansen, Mo i Rana

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving