Vann du «Ekstasar» av Øystein Vidnes?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kritikarane gjekk heilt av skaftet då dei skulle skrive om den første boka til Øystein Vidnes. No har han skrive ei ny bok, som både er trist og morosam, og vi har trekt ut fem heldige som får ho i po

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Andreboka til Øystein Vidnes er ei morosam og intens forteljing om ein ikkje heilt gjennomsnittleg ordførar.Andreboka til Øystein Vidnes er ei morosam og intens forteljing om ein ikkje heilt gjennomsnittleg ordførar.

I romanen «Ekstasar» av Øystein Vidnes er hovudpersonen ein ordførar. Det høyrest kanskje kjedeleg ut, men ordføraren i den nye boka til Vidnes er ikkje så opptatt av tørre saksdokument og møte i kommunestyret.


Den alternative ordføraren


Neidå, for dette er undergrunns - ordføraren. Dette er den alternative ordføraren, som bur i eit okkupert hus og er utru med presten. Dette høyrest jo heilt vanvitig ut, og det er det og.

Men dette er ikkje berre ei galopperande, utsvevande forteljing om ein som snur roller på hovudet og gjer morosame ting ein ikkje ventar av han.

Ein skjønar etterkvart at undergrunnsordføraren er kav galen. Og ein skjønar at det ligg noko bak som har gjort han slik han har blitt. Litt etter litt kjem ei bakgrunnshistorie fram i dagen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Festleg og tragisk


Øystein Vidnes debuterte med «Bondeforteljingar» i 2002, og fekk svært mykje merksemd og positive ord i samband med utgjevinga. Denne vanskelege andreboka er vanskelegare på mange måtar, og kritikarane har ikkje visst heilt kva dei skal synast. Nokre meiner boka er rasande festleg og fantastisk, andre ser ei djup tragedie i botnen av den hyperaktive og ravande galne ordføraren.

Ein kan ikkje stole på kritikarane. For å finne ut kva ein meiner, må ein jo lese boka sjølv. Vi deler ut fem eksemplar av Ekstasar av Øystein Vidnes til kloke lesarar.

KONKURRANSEN ER AVSLUTTA


Kva heiter ordføraren i den kommunen Øystein Vidnes bur i no? Og kva heiter kommunen?
spurde vi, og mange visste at rett svar er Bergen og Hermann Friele.

Desse fem får premie:

  • Onar Halvorsen, Tromsø
  • Odd Arne Kvangardsnes, Ålesund
  • Marit Bratlie, Trondheim
  • Ellen Solheim, Oslo
  • Hanne Marte Vatnaland, Bokn

Vi gratulerer, og boka kjem i posten snart.


Øystein Vidnes (f.1976) kjem frå Fiskå i Vanylven i Møre og Romsdal. I tillegg til å vere forfattar, har han jobba mykje som journalist og grafisk designar. Han er også ein av folka bak undergrunnsforlaget Gasspedal.



Les meir på nettet:

  • Øystein Vidnes har sjølvsagt ein nettstad, med både grafisk design og litteratur.

  • Ein blogg har han og, som alle unge, framadstormande forfattarar.


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving