Opprørarar vil ikkje underteikne fredsavtale i Darfur

Artikkelen fortsetter under annonsen

To av opprørsgruppene i Darfur nektar å underteikne fredsavtalen som blei inngått for snart ein månad sidan.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: usaid.gov)(Foto: usaid.gov)

Khartoum (NTB-Reuters):Regjeringa i Sudan og den største opprørsgruppa i Darfur, Sudans frigjeringshær (SLA), underteikna ein fredsavtale for regionen 5. mai.

Ein mindre fraksjon av SLA, leia av Abdel Wahid Mohammed al-Nur, nekta å godta fredsplanen. Det same gjorde opprørarane i Rørsla for rettferd og likskap (JEM).

Dei to opprørsgruppene fekk frist til 31. mai med å underteikne, men ved midnatt natt til torsdag blei det klart at dei ikkje hadde endra syn på avtalen.

Den afrikanske union (AU), som har ein fredsstyrke i Darfur, vurderer nå å krevje FN-sanksjonar mot dei to opprørsgruppene.

Over to millionar menneske er drivne på flukt og opptil 300.000 har mista livet som følgje av krigshandlingane i Darfur dei siste tre åra.
(©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving