Linerle under panseret

Artikkelen fortsetter under annonsen

I dag blei BMW-linerla i Sveio mor.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Linerla valde seg ein BMW i år. Får ho fiksa registerreima? (Foto: nofbuskerud.net)Linerla valde seg ein BMW i år. Får ho fiksa registerreima? (Foto: nofbuskerud.net)

I Sveio i Hordaland blei ein BMW midlertidig freda her om dagen, då ei linerlemor fann det for godt å ruge ut egga sine under panseret.

Reir under panseret


For fire veker sidan kom Falken med bilen til Haukås Bilverkstad i Sveio med roke registerreim. Der blei han ståande urørt utanfor verkstadsporten.

Etter ei vekes tid oppdaga ein av mekanikarane at ei linerle hadde lagt sin elsk på BMW-en. Då dei såg under panseret, fann dei reiret hennar, der ho allereie hadde lagt eit egg.

Etterkvart kom det heile seks egg i reiret, og etter 14 dagars ruging kom i dag ungane til verda.

Alle einige om freding


- Både eigaren av bilen, verkstaden og ein potensiell kjøpar av bilen var einige om at bilen måtte fredast til fuglane har forlate reiret. Verkstaden har late panseret stå på gløtt og elles late fuglen få ruge i fred, seier dagleg leiar ved verkstaden, Øystein Kinn, til

Haugesunds avis

.

Det har blitt litt trafikk av nysgjerrige som ville sjå på bilfuglen, men det har linerla takla fint, melder avisa. Så får vi sjå om ho får ordna registerreima før ho forlet fødestova.

Meir om dyr i Neste Klikk:

ABC Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving