Kyrkjene skjerper sikkerheita til 666-dato neste veke

Artikkelen fortsetter under annonsen

Datoen 06.06.06 nærmar seg, og kyrkjer i heile Noreg blir bedne om å skjerpe sikkerheita for å hindre nye kyrkjebrannar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: Terje Bendiksby / SCANPIX)(Foto: Terje Bendiksby / SCANPIX)

Oslo (NTB): Det er hundre år mellom kvar gong kalenderen viser 06.06.06. Kirkelig arbeidsgiver og interesseorganisasjon (KA) har valt å vere føre var og gjere dei som er ansvarlege for norske kyrkjebygg merksame på datoen.

- Vi ønskjer ikkje å bidra til at det blir stor merksemd kring dette, men gir signal om ein muleg risiko, seier avdelingssjef Øystein Dahle i KA til Vårt Land.

Han ville helst ha gått forbi datoen 06.06.06 i tystnad, men innser at
det i visse miljø er ein spesiell dato. I ein e-post til kyrkjeverger og
kyrkjelydsråd har han derfor gjort merksam på risikoen for påtenning
av kyrkjer eller øydelegging på kyrkjegardar i tilknyting til datoen 6. juni.

KA har ikkje motteke konkrete indikasjonar på at noko er på gang, men oppfordrar likevel til ekstra varsemd. Søppeldunkar, søppel og anna brennbart materiale må plasserast i trygg avstand frå bygningsfasadar, brennbar vegetasjon må fjernast frå bygningsfasadane, dører og vindauge må vere låst, brannsløkkingsutstyr må fungere og brann- og tjuverialarm må vere i funksjon.

Flaumlys bør også setjast på om nettene, oppfordrar KA, som ber fellesråda ta kontakt med politi og brannvesen for å drøfte lokale tiltak. Slike tiltak kan for eksempel vere organisert vakthald i eller ved kyrkjene. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving