Fisk mot fødselsdepresjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

At ein blir frisk av å ete fisk, har vi jo visst i alle år. No tyder ny forsking på at fisken også kan hjelpe mot fødselsdepresjon.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er sannsynlegvis omega-3-fettsyrene i feit fisk som laks, sild og makrell som har positiv effekt på psyken til nybakte mødrer.Det er sannsynlegvis omega-3-fettsyrene i feit fisk som laks, sild og makrell som har positiv effekt på psyken til nybakte mødrer.

Viss du er gravid eller har tenkt å bli det, ser det ut til at du gjer lurt i å ete fisken din.

I ei stor undersøking av danske gravide kvinner rapporterer nemleg dei som et fisk at dei er mindre deprimerte etter fødselen enn dei som ikkje et fisk. Resultata blei presentert på ein stor europeisk sjømatkonferanse i Tromsø tirsdag.


13 prosent mindre deprimerte


Dei fiskeetande mødrene såg ut til å vere 13 prosent mindre utsett for fødselsdepresjon enn sine ikkjefiskeetande medsystrer.

Professor Inga Thorsdottir fortel til Avisenes Nyhetsbyrå (ANB) at ho trur resultata kan ha samanheng med dei positive effektane av omega 3-fettsyrene. Desse finst i feit fisk, som laks, makrell og sild. Danskane et langt mindre fisk enn nordmenn, men når dei først et fisk er det den feite fisken dei går for.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Et fisken din, du, så går det bra. (Foto: ehponline.org)Et fisken din, du, så går det bra. (Foto: ehponline.org)

- Fettsyrene påverkar hjernen og den mentale helsa. Dette kan gje gode helseeffektar som også gjer seg utslag på depresjon, meiner Thorsdottir.

Andre faktorar


Ho understrekar at resultata ikkje tar omsyn til andre faktorar som kan påverke fødselsdepresjon. Desse kan vere til dømes om den gravide har vore deprimert tidlegare, om ho har hatt eteforstyrringar og om ho røykjer eller har røykt. Det vil bli forska vidare på desse faktorane i samanheng med fiskeeting.

Vi tar for eiga rekning med ein gammal, god fiskeetarsong frå Lofoten:
«Et fesk, et fesk, så hoille du dæ fresk».


Kjelde:


Les meir om fiskeforsking i Neste Klikk:

ABC Startsida:




Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving