Britiske lærarar til akademisk boikott av Israel

Artikkelen fortsetter under annonsen

Storbritannias største fagforbund for høgskule- og universitetslærarar vil boikotte israelske kolleger som ikkje tek avstand frå landet sin politikk overfor palestinarane.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Britiske lærarar vil boikotte israelske akademikarar som ikkje tar avstand frå landet sin politikk overfor palestinarane. Foto: REUTERS/Loay Abu Haykel/SCANPIXBritiske lærarar vil boikotte israelske akademikarar som ikkje tar avstand frå landet sin politikk overfor palestinarane. Foto: REUTERS/Loay Abu Haykel/SCANPIX

London (NTB-AFP): National Association of Teachers in Further and Higher Education (NATFHE) har 67.000 medlemer og er Storbritannias største fagforbund for lærarar innan høgare utdanning.

Beslutninga om å oppfordre til akademisk boikott av israelske kolleger blei teken under forbundets landsmøte i Blackpool måndag, skriv The Guardian.

I ein resolusjon frå landsmøtet kritiserer forbundet Israel sin «apartheidpolitikk» overfor palestinarane, og syner blant anna til den diskrimineringa som finn stad på israelske høgskular og universitet.

Landsmøtet tok også opp den vanskelege situasjonen som palestinske studentar og lærarar lever under, blant anna som følgje av gjentekne israelske angrep mot palestinske utdanningsinstitusjonar.

NATFHE oppfordrar i vedtaket sine medlemer til å «vurdere nødvendigheita av å boikotte dei som ikkje offentleg tek avstand frå ein slik politikk». (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving