Sym dit nasen peikar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Han som veit kor han skal, har større sjans for å kome dit. Dette gjeld også sædceller. Men korleis kan sædceller vite kor dei skal?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei små karane luktar eit modent egg, og styrer etter nasen. (Foto: forskning.no)Dei små karane luktar eit modent egg, og styrer etter nasen. (Foto: forskning.no)

Sædceller (og forsåvidt alle andre) som veit kor dei skal, sym målbevisst, og har større sjans for å kome dit dei vil. Men korleis kan sædcellene, små tingestar på 0,06 mm vite kor det modne egget er, og spurte i den retninga?

Ein god nase

Ein god nase kan vere gull verdt. Ein omreisande handverkar eg kjenner, fortalde ein gong at han har ein god nase som hadde redda han mang ein gong.

Han var i stand til å lukte kor det var middag på gang der han gjekk på ein aude landeveg. Men viktigare var det at han også kunne lukte om det var mogleg for han å få kome inn og få smake på herligheita.

Det gjeld å ha ein god nase, for å kome først fram til godsakene. (Foto: health.yahoo.co.jp)Det gjeld å ha ein god nase, for å kome først fram til godsakene. (Foto: health.yahoo.co.jp)

Nase for ei ope dør


Sædceller har ifølgje forskarane også ekstremt god luktesans. Dei luktar seg fram til egget dei så gjerne vil inn i.

Som kjend er det ikkje alltid døra står open, og berre ein einaste får kome inn når det endeleg er klart. Så det gjeld å skunde seg, og altså vere målretta. Då kan sædcella få bli med på moroa det er å rett og slett skape ein ny person i verda. Ein baby, som blir slik han blir fordi akkurat den sædcella kom først fram til egget den dagen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Tredemølle for sperma


Forskarane har laga ei slags flytande tredemølle for sperma, der dei testar luktesansen til dei små krabatane.

Det kan hende at viss det er noko gale med nasen til sædcellene, kan det føre til sterilitet, i følgje Forskning.no. Dei finn rett og slett ikkje fram, dei anar ikkje kor dei skal.

Forskninga om luktesansen til sædcellene kan brukast til å bestemme sædkvaliteten, eller opne for behandling av sterile menn, meiner amerikanske forskarar.

Les meir på nettet:



  • Det er også gjort forsøk som tyder på at lukta av

    liljekonvall

    er noko sædcellene set stor pris på. Og

    kaffi

    skal visstnok få dei til å symje fortare.

ABC Startsida:



Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving