Meny

Plyndra FNs matlager på Aust-Timor

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Rasande menneske plyndra måndag lageret til FNs matvareprogram (WFP) i Aust-Timors hovudstad Dili.

Dei australske soldatane greier ikkje å få slutt på voldshandlingane i Aust-Timor. (Foto: REUTERS/Adrees Latif/SCANPIX)Dei australske soldatane greier ikkje å få slutt på voldshandlingane i Aust-Timor. (Foto: REUTERS/Adrees Latif/SCANPIX)

Dili (NTB-AFP): 800 menneske, blant dei mange kvinner og barn, hadde venta utanfor i fire timar då ei gruppe på rundt 100 ungdommar storma lagerbygninga og tok med seg sekkar med ris, fortel augnevitne.

Australske soldatar kom kort tid etter, og tvang dei gjenverande ungdommane ut av lagerbygninga ved hjelp av våpenmakt.

Gjengar av menn utstyrde med skytevåpen, økser og knivar har den siste veka herja i Dilis gater.

I førre veka ba myndigheitene om assistanse utanfrå, og Australia, New Zealand og Malaysia sende drøyt 2.200 soldatar.

Soldatane har ikkje fått kontroll over situasjonen, og i helga gjekk hus og bilar opp i flammar. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus