Meny

Trist, lei og blakk?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Her er den ultimate guiden for deg som kjedar deg og har dårleg råd.

Forhold på tvers av kontinenta er ikkje umuleg. (Ill: analitica.com)Forhold på tvers av kontinenta er ikkje umuleg. (Ill: analitica.com)

Kva gjer du når kontoen er tom, det er lenge til neste lønning og du har lyst til å finne på noko?

Me har nokre tips - og det beste av alt er at det ikkje kostar noko!

1) Bruk dei overnaturlige evnene dine.

Gå ut på gata og prøv å kontrollere folk med tankekrafta di. Før eller sidan vil du truleg oppleve at einkvan gjer det du har kommandert dei til, og du kan få nokre augneblikk med rus og glede over å vere av ei anna verd!

2) Sett opp testamentet ditt.

Har du ikkje mykje av verdsleg gods og gull, kan du likevel ha stor glede av å fordele «skrapet» mellom slekt og venner. Kven skal t.d. arve den uhorveleg tunge veven som står inst på kottet?

3) Sjå på tv og gjenta alt som blir sagt med italiensk aksent.

(Alternativt på sunnmørsk.)

Prrøv å ikkje tenkje på desse ei stund, du! (Foto: phys.unsw.edu.au)Prrøv å ikkje tenkje på desse ei stund, du! (Foto: phys.unsw.edu.au)

4) Prøv å ikkje tenkje på pingvinar.

Prøver du for hardt, vil du truleg likevel tenkje på kva du skulle prøve å ikkje tenkje på. Prøver du for lite, vil du tenkje på pingvinar då og.

5) Løft opp eit dyr så det kan sjå ting frå din synsvinkel.

Har du tenkt på korleis det må kjennast å vere hund og berre sjå ting frå ein synsvinkel som er ein meter over bakken? Ber hunden din litt rundt i din augnehøgde og sjå om ikkje han får eitt nytt syn på livet.

6) Ha eit geografisk uavgrensa forhold.

Å bu i Noreg og ha ein kompis eller kjærast i Paraguay eller på Papua Ny Guinea kan vere komplisert. Men du kan låne ein pc på biblioteket og skaffe deg eit nytt online-bekjentskap kor som helst i verda.

Snu deg, snu deg, snu deg... (Foto: panoptika.net)Snu deg, snu deg, snu deg... (Foto: panoptika.net)

7) Fullfør eit kryssord.

Det ligg alltid aviser og flyt på bussen eller på benken i parken. Ta ei med deg heim og ikkje gje deg før du har løyst heile kryssordet.

8) Lat som du er ein bil.

Lag bil-lydar i hovudet medan du går på gata. Bruk auga som blinklys.

9) Stir på bakhovudet til folk heilt til dei snur seg.

10) Få barn.

Det å ha barn er alt anna enn gratis, men å lage dei er både morosamt og billig.


Kjelder: urban75.org og About.com

Meir moro i Neste Klikk her og her

ABC Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus