Slepp latteren laus

Artikkelen fortsetter under annonsen

Treng du gode grunnar til å le, skal du få det her. Kanskje du blir slankare undervegs, og.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dette kan vere deg, nokre lattermilde veker frå no av... (Foto: bodybuilding-advice.co.uk)Dette kan vere deg, nokre lattermilde veker frå no av... (Foto: bodybuilding-advice.co.uk)

Sjølvsagt er det sunt å le, eg treng sikkert ikkje fortelje deg det. Men veit du korfor det er så bra for deg å sleppe latteren laus?

God trim


For det første, og det har du sikkert kjent sjølv, så vil ei real latterkrampe røske tak i muskulaturen din. Magemusklar og ansiktsmusklar kan gjere skikkeleg vondt etter ei latterkule.

Du har fått litt trim, med andre ord. Morosam trim, det set du vel pris på?

Du toler meir


Dessutan så er det slik at latter kan verke smertelindrande. Ei undersøking utført ved Texas Tech på nittitalet synte at forsøkspersonar som vart underheldt av eit komishow i 20 minutt tolte langt meir smerte enn dei som ikkje fekk sjå showet.

Kanskje ikkje noko bombe, det heller, men likevel. Verd å tenkje på neste gong du skal til tannlegen, for eksempel.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: snakeskin.com)(Foto: snakeskin.com)


Nesten slankande


Det er og ting som tyder på at latter er med på å halde blodsukkeret nede, og det må då vere godt nytt for alle diabetikarar. Kombinerer du det med det faktum at det å le hjelper på kaloriforbrenninga, kan det kanskje hende at du kastar både chrom- og cla-tilskot ut vindauget med ein nådelaus latter.

Vips - det var ti komma tre kaloriar, berre det!

Vær så god!


Men er dette i seg sjølv noko å le av, då? Nja, kanskje ikkje, men dette og dette burde vel hjelpe deg på vegen til eit betre og friskare liv. Eller kanskje denne lattermilde fyren

Meir moro i Neste Klikk:

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving