Hong Kong Bus Uncle

Artikkelen fortsetter under annonsen

Trudde du at Da Vinci-koden er den mest sette filmen for tida, må du nok tru om att.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nett-videosida

YouTube.com

har hatt eventyrlege 1,7 milllionar visningar av ein video kor ein kineser kjeftar ut ein annan på bussen!

Det heile skal ha hatt sitt utspring i at ein ung fyr knakkar ein eldre medpassasjer på skuldra for å be han dempe seg når han snakkar. Men den eldre passasjeren likar ikkje dette noko vidare, og så er det i gang.

I heile seks minutt leksar den gamle ut av seg om kor irritert han er av å bli avbroten av den yngre mannen. Scena blir filma frå ein mobiltelefon.

«I face pressure. You face pressure. Why did you provoke me?» spør hissigproppen. Og med 1,7 millionar som publikum så er det blitt noko alle seier i Asia.

Kvar dag er hundrevis av menneske innom for å sjå videoen. Sjåarane har og gått så langt som til å tekste videoen på engelsk og mandarin - til glede for andre nye sjåarar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det har til og med blitt laga ein karaokeversjon av videoen! Passasjen «I face pressure. You face pressure.» går her igjen som eit refreng.

Det er ganske sprøtt å sjå korleis denne fyren let seg hisse opp over å ha blitt tilsnakka. Kanskje noko å tenkje på før ein vender seg til folk ein ikkje kjenner på ferja eller banen?

Videoen ser du

her

.


Ting og tang på nettet:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving