Meny

Skrekkens bryllaup

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Ei kvit geit som gjest i eit bryllaup og eit spirande, organisk golvteppe: Det er tid for giftemål og fest!

Nokre gonger kan det kjennast ut som om ein er ein statist i sitt eige bryllaup. (Foto: simfreaks.com)Nokre gonger kan det kjennast ut som om ein er ein statist i sitt eige bryllaup. (Foto: simfreaks.com)

Skal du gifte deg snart? Ikkje les vidare. Skal du i bryllaup som gjest, derimot, kan du få nokre gode idear her.

Nøye planlagd


Kari og Ola Nordmann skal gifte seg i juni, bryllaupsmånaden over alle.

Nitid planlegging og enorme økonomiske og emosjonelle investeringar skal nå gje gevinst for paret som har satsa alt på at nett deira bryllaup skal bli det mest minneverdige gjennom tidene.

Men så er det alt dette som dei ikkje har kontroll på, då…

Gjester som breker


Ein ting er at svigermor er redd det skal bli for lite poteter til middagen og at brudas far skal tråkke på sløret til bruda. Slike ting kan ein nå styre klar av.

Men kva skjer for eksempel når venner av brudgommen møter opp i kyrkja med ei kvit geit? Har nokon ein plan for det? Neppe.

Nokre venner av meg gjorde akkurat det, og dei hadde det utruleg morosamt då dei sat utanfor kyrkja med denne gjesten som hadde horn, og som brekte og ville ha mat. Brudeparet sette nok berre sånn måteleg pris på gåva som vart overrekt dei på kyrkjetrappa, men for gjevarane var det eit minne dei framleis skattar svært høgt.

Bryllaupsfesten kan vere ein slitsam affære. (Foto: wga.hu)Bryllaupsfesten kan vere ein slitsam affære. (Foto: wga.hu)

Maskefjes


Det å dukke opp med overraskingar i eit bryllaup er faktisk ganske vanleg. Nokre gonger artar det som i hendinga eg nett fortalde om, andre gonger kan det hende ein får besøk av det som her på vestlandet vert kalla skotrarar.

Skotrarar er ubedne gjester som kler seg ut med masker og kjem for å få vere med og dele på godane. Når dei har fått seg nokre kakestykke og ein dans med bruda, tassar dei fint heimatt der dei kom frå. Ganske harmlaust, altså. I alle fall viss dei ikkje har hatt for mykje flytande føde i seg før dei kom.

Gamle arvestykke


Andre overraskingar er av den typen nokre godt kunne klare seg utan, men som atter andre finn å vere høgdepunktet i heile kalaset.

I eit bryllaup eg var i for ein del år sidan, hadde faren til bruda laga verdas nydelegaste song. Han gjekk på melodien til Kjærlighetsvisa av Halvdan Sivertsen, var berre heilt utruleg fin, og me song og grein om ein annan.

Ein velkommen gjest i ditt bryllaup, kanskje? (Foto: alanbauer.com)Ein velkommen gjest i ditt bryllaup, kanskje? (Foto: alanbauer.com)

Då me, tårevåte og med rennande nasar, til slutt reiste oss for å ta ein høgtideleg skål for brudeparet, var det at ein gammal, krokete grandonkel kom oss alle i forkjøpet då han med heva glas og høg og klår stemme hylte: Bånnski!

Eg trur beint fram dette er det eg hugsar best frå alle bryllaup eg har vore i, inkludert mitt eige.

Grøne gleder?


Til slut har me dei utrulege episodane som ventar brudeparet når dei kjem heim om natta (alternativt kjem heim frå bryllaupsreise).

Ein kollega fortalde nettopp om eit par som kom heim frå bryllaupsreisa si, berre for å finne ut at venner av dei hadde vore inne og sådd karsefrø i golvteppene deira.

Karsefrø spirer som kjent uhyre raskt, så det var blitt riktig grønt og frodig i heimen deira medan dei var vekke. Eg veit ikkje om brudeparet reknar skøyarane som venner lenger, forresten.

Skurkestrekar


Plastfolie over dolokket, erter under lakenet, vekkerklokker sett på alarm til alle døgerets tider og gøymt over alt…lista over skurkestrekar er lang og sikkert ikkje ferdigskriven enno. Vel er det noko drygt å øydeleggje hus og heim med planter som veks ut av møblementet.

Men den gode, gamle klassikaren med å setje fiskepuddingkake pynta med krem og friske jordbær på kakebordet går aldri av moten. Garantert. God apetitt!


Andre sine bryllaup:


Startsida har meir om den store dagen.



Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving




Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus