Dyrehelse kan stanse akademikar-streik

Artikkelen fortsetter under annonsen

Akademikarane varslar streik for 700 veterinærar i Mattilsynet. Det kan lamme tilsynet med dyrehelse og matsikkerheit og raskt presse fram tvunge lønnsnemnd, skriv Dagsavisen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: vet.ed.ac.uk)(Foto: vet.ed.ac.uk)

Oslo (NTB): 125 politijuristar og veterinærar er allereie i streik, men streikegeneral Knut Aarbakke varslar ei «relativt rask» opptrapping. Varsel om utviding kan kome allereie fredag, med verknad frå tidleg neste veke.

Streiken i politiet fører til at rettssaker må utsetjast og at varetektsfengsling ikkje forlengast. Men konsekvensane i Mattilsynet kan bli enda meir alvorlege, viss Akademikarane gjer alvor av trusselen om
streik for 700 medlemmer her.

- Vi vil i så fall be om dispensasjon for dei sentrale beredskapsgruppene som arbeidar med e.coli og fugleinfluensa, seier administrasjonsdirektør i Mattilsynet, Jarleif Nordheim til Dagsavisen.

Aarbakke seier at desse gruppene vil få dispensasjon i den grad liv og helse står på spel. Ein omfattande streik i Mattilsynet kan likevel svekke dyrehelsa så dramatisk at det kan presse fram tvunge lønsnemnd.

- Vi vil følgje utviklinga nøye, og seie tydeleg frå dersom streiken går ut over dyr si velferd og helse, seier ekspedisjonssjef i matpolitisk avdeling Gudbrand Bakken. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving