Åtvarar mot livsfarleg kosttilskot

Artikkelen fortsetter under annonsen

Statens legemiddelverk åtvarar mot fleire kosttilskot som inneheld store mengder av det giftige stoffet benzetonklorid.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: floridaindianrivergroves.com)(Foto: floridaindianrivergroves.com)

(NPK): To tilfelle av etseskade i munnen og spiserøyret er registrert i Noreg på grunn av grapefruktekstrakt.

Benzetonklorid er påvist i helsekostprodukta Citricidal, Citroseed, Citrosept og Bio Citrin, som alle er basert på ekstrakt frå grapefrukt eller andre syrlege frukter.

Produkta blir over internett ukorrekt marknadsført som middel som verkar mot både sopp- og bakterieinfeksjonar.

Benzetonklorid er eit etsande og bakteriedrepande middel som ikkje finst naturleg i grapefrukt, og som blir tilsett kunstig i naturmiddel. Ufortynna kan sjølv små mengder av kosttilskota gje dødeleg forgifting, opplyser Legemiddelverket. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving