Meny

Urdu-forslag førte til truslar om halshogging

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Etter at avisa Vårt Land i førre veke lanserte ideen om å oversetje «Ja, vi elsker» til urdu, har fleire av intervjuobjekta fått alvorlege truslar.

Oslo (NTB): Bente Møller, som er direktør ved Internasjonalt Kultursenter og Museum i Oslo, var blant dei som støtta forslaget.

I etterkant av saka som sto på trykk 15. mai, har ho fått 10-12 sinte e-postar og fem, seks ubehagelege telefonoppringingar. Ho har blant anna fått høyre at ho er «sinnssjuk» og «utilgiveleg naiv».

- Ein mann ville halshogge meg. Han meinte det var det same som landssvik, fortel ho til Vårt Land.

- Eg er forundra over at folk hissar seg så mykje opp. Folk må ha ein ganske tynnslitt identitet hvis dei let seg truge av dette, seier Møller.

Også Majoran Vivekananthan, redaktør i avisa Utrop, har fått ubehageleg respons etter at han karakteriserte forslaget om å oversetje «Ja, vi elsker» til urdu som ein god idé.

Han har fått beskjed om at han skal sendast ut av Noreg, fratakast statsborgarskapet og at brevskrivaren «veit kven han er» - alt krydra med skjellsord. (©NTB)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus