Over 2000 vart avretta i fjor

Artikkelen fortsetter under annonsen

I fjor vart det avsagt dødsdommar i 51 land, og i alt vart cirka 2010 menneske avretta, viser årsrapporten frå Amnesty International.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): 150 land er omtala i rapporten, og 104 av dei rapporterer om tortur og mishandling av folk.

I Kina var dødsdommen effektuert i 1770 tilfelle, Iran 94, Saudi-Arabia 86, og USA 60. Etter at USA opna fangeleiren i Guantanamo Bay den 11. januar 2002 i krigen mot terror, har 759 menneske vore haldne i fangenskap der.

Men det er likevel teikn til håp i rapporten, meiner generalsekretær Petter Eide i Amnesty International.

- Rapporten viser framleis omfattande overgrep og brot på menneskerettar i store delar av verda, men det er tre lyspunkt, seier Eide til Aftenposten.

- I USA har ein kome til eit punkt der nok er nok. Snuoperasjonen i den amerikanske Kongressen mot anti-terror-lovene til George W. Bush var eit viktig vendepunkt. Det same gjeld avvisinga i det britiske Overhuset av forlaget frå statsminister Tony Blair om å innføre særlover mot terrorisme. Blair ønska å kunne bruke informasjon som kjem fram under tortur i andre land som bevis i Storbritannia.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Tal i rapporten tyder også på at det var færre væpna konfliktar i 2005 enn året før. Det gjev håp for millionar i land som Angola, Liberia og Sierra Leone.

- Men overgrep som er gjort i Afghanistan og Irak kastar mørke skuggar over kåra for menneskerettar. Tortur og terror lever av kvarandre i ein vond sirkel, heiter det i rapporten. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving