30 millionar til skuleutvikling

Artikkelen fortsetter under annonsen

15 prosjekt over heile landet har fått til saman 30 millionar kroner til å gjere skulane betre.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: glamsbjerg.dk)(Foto: glamsbjerg.dk)

Kunnskapsdepartementet vil bruke 100 millionar kroner over fire år på Program for skuleutvikling.

Kvart år kan skulane søkje om midlar til eigne prosjekt for å betre læringsmiljøa og læringa til elevane.

Då fristen gjekk ut 1. april i år, var det kome inn 210 søknader. I mai blei 30 millionar fordelt på 15 prosjekt over heile landet.

Tilpassa opplæring


Mellom dei 15 som har fått støtte, er Selje og Hornindal kommunar i Sogn og Fjordane, som no får realisert samarbeidsprosjektet «Kollektiv kultur på tilpassa opplæring».

Stol på Os(s)


Os kommune får støtte til prosjektet «Stol på Os(s)», medan Fjell kommune i samarbeid med fleire andre Hordalandskommunar kan gå i gang med eit prosjekt kalla «Praksisnær undervisning - konsekvensar for pedagogisk praksis, organisasjon og leiing». Volda kommune i Møre og Romsdal får pengar til å utvikle Brattebu skule.

- At skulane set søkelys på eiga verksemd på denne måten, vil setje dei i stand til å skape eit betre læringsmiljø og god fagleg og sosial utvikling for elevane. Erfaringar og modellar frå prosjekta vil bli spreidd til andre skular, seier kunnskapsminister Øystein Djupedal i ei pressemelding.

Les meir på nettet:

  • Meir om Program for skuleutvikling

    her

ABC Startsida:



Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving