Unge menn mindre opptekne av å få barn

Artikkelen fortsetter under annonsen

Unge menn prioriterer det å bli foreldre i langt lågare grad enn unge kvinner.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: healthyeastleigh.org.uk)(Foto: healthyeastleigh.org.uk)

(NTB): Ei undersøking frå Statistisk sentralbyrå tyder på at mange menn utset farskapet til dei kjem i 40-åra.

Samtidig viser folke- og boligtellinga frå 2001 at over 35 prosent av høgt utdanna menn i alderen 31-40 år er barnlause, mens barnlausheita blant menn i alderen 41-50 år er på 14 prosent, skriv Kari Skrede og Marit Rønsen i Statistisk sentralbyrås Samfunnsspeilet.

- Når ein samanliknar desse tala, tyder det på at mange menn først blir førstegongsfedrar i 40-åra, seier forskingssjef Kari Skrede ved seksjon for demografi og levekårsforsking i Statistisk sentralbyrå til Dagsavisen.

Undersøkinga som er beskrive i Samfunnsspeilet tyder også på at det er ein skjerpa konkurranse blant kvinnene om mennene på øverste hylle. Både den store auka i talet på barnlause menn og den auka resirkuleringa av «pent brukte menn» til nye farskap i yngre generasjonar tyder på det. (©NTB)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving